Bastardisering av familiepolitikken i Norge

Lene Vågslid (AP) meiner at ingen barn har rett til ein far, berre ein “egg-donor”.  Homofile kan kjøpe seg både egg, ei livmor og det “perfekte barnet”.

Lene Vågslid (AP) ser på menn som egg-donorar og ikkje som fedre.

Den som les barneloven, ser no fruktene av det etter-kristne samfunnet i Norge.  I sær paragraf 4.

§ 4a. Medmorskap til barnet
Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelige ektefelle eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer    av ekteskap, vedgåing eller dom.

Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.

Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i denne lova.

Min kommentar:

Alle barn har rett til ein far. Dette er ein gudskapt rett.

Når ein stat tar i frå eit barn retten til å ha ein far og ei mor, driv staten med barnemishandling.

Nazi-Tyskland er eit regime som den norske stat ikkje likar å samanlikne seg med. Hitler ala fram “lebensbarn”. Tyske elitesoldatar para seg med blonde norske jenter, for å skape den “politiske korrekte” rase.

Dette var i følgje Nazistane, til barna sitt eige beste.

I Stortinget i dag var det ny debatt om familiepolitikk. Lene Vågslid (AP) frå Telemark kan ikkje sjå kvifor eit barn skal ha ein rett til ein far. For denne unge barnlause AP-kvinna er det ein skiland på ein “egg-donor” og ein far.

Slik er kjønns-fascismen.  Eit barn er i Norge blitt gjort til ei handelsvare.

Far er i beste fall gjort til ein hingst, eller ein anonym sæd donor.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Endetid

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->