Total maktarroganse mot 13.000 nordmenn

Poliktikarane gjøymde deg bak gardinene inne i Stortinget. Ingen av dei folkevalde kom ut for å ta i mot 13.000 underskrifter.

Morten Selven heldt appell framfor Stortinget kl. 15 Tysdag, og bad politikarne akte seg frå å endre grunnloven.

Du treng ikkje røyste Kristent Samlingsparti (KS) for å vœre ein kristen. Men du skal vite at alle dei andre partiene den 21.mai vil røyste for å fjerne den Lutherske paragraf 2 i Grunnloven.

Landsleiar Morten Selven i KS hadde sent brev til Stortinget sin kontroll og konstitusjonskomite, og bede komiteen sende eit medlem ut på Løvebakken kl. 15 i dag for å ta mot 13.000 underskrifter.

Det kom ingen. Faktisk kom ikkje ein einaste stortingsrepresentant ut for å helse på dei vel 100 frammøtte kristne.

Her er nokre foto frå tilskipinga:

Kristne som er glad i Norge sang fedrelandssalmen framfor Stortinget.

Frå 21.mai vil ikkje den norske stat lengre vœre tufta på den kristne trua.

Ingen av politikarane på Stortinget ville kome ut og helse på dei som representerte 13.000 nordmenn,. Alle har signert ein appell for at Norge framleis skal ha ein kristen Grunnlov.

Det var ikkje vannskeleg å sjå at mange av politikarane hadde meir enn nok tid til å kome ut på Løvebakken. Dei stod i glasranda i stortingssalen og kikka ut og ned på folket.

Nede på Løvebakken vart Jesus heidra. Det var bedt for Kongehus, Regjering og Storting. Dei frammøtte bad Fader vår, og sang Fedrelandssalmen.

Kring 30 av dei forbipasserande slutta seg til, og signerte underskriftslistene.

Det er ikkje så mykje å seie om at politikarane ikkje kom ut for å møte folket.

Kort kan ein seie at dei viste den totalte maktaroganse mot 13.000 nordmenn, som har signert eit opprop om å bevare den kristne grunnlova i landet vårt.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Endetid

Ein kommentar den “Total maktarroganse mot 13.000 nordmenn”

  1. Mathis
    mars 20, 2012 kl. 5:03 pm #

    Godt aa se at det endelig blir litt fart i avkristninga (evt. avreligioninga)!

Legg att svar til Mathis Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->