Stortinget i Norge vil ikkje ha positiv parlamentarisme

Stortinget vil ikkje ta positiv parlamentarisme, der Regjeringa må vœre basert på fleirtalet i Stortinget eller gå av.

Tidlegare generalsekreœr i AP Martin Kolberg og statsminister Jens Stoltenberg kan styre trass i at SV og SP røyster mot regjeringa i Stortinget.

Jens Stoltenberg vil trumfe gjennom EU sitt vikar-direktiv i Stortinget. Trass i at både SV og SP vil reservere seg mot den nye lova.

Slik oppstår det som heiter eit demokratisk underskot i Norge.

Regjeringa i Norge er ikkje innsett ved val, men innsett av Kongen etter råd frå Stortingspresidenten.  I Norge treng ikkje  regjeringa ha fleirtalet bak seg i Stortinget.

I Norge kan staten styrast av ei mindretalls-regjering, som søkjer stortingsfleirtal frå sak til sak.  Løsyinga gjev oss eit reint administrasjonsstyre, eller det som kan kallast embestsmannsstyre.

I praksis er Parlamentarismen i Norge avvikla. Det utøvande statsmakt kan stort sett gjere kva den vil mellom to valg.
For å hindre at eit anti-demokratisk “disens-styre”  skulle få utvikle seg i Norge, la Fr.P, AP og SV i 2007 fram eit forslag om å endre grunnlova.

Partiene som representerete eit breidt flerital på Stortinget ynskte at Norge skulle innføre det som heiter investitur. At ei Regjering må kome til Stortinget og vise at den har stortingsfleirtalet bak seg. Regjeringa skal styre etter å ha fått eit innsettingsvedtak som mandat.

Bak dette forslaget stod både Parlamentaisk leiar i Fr.P Carl I H Hagen og nestleiar og parlamentarisk leiar og nestleiar i AP,  Hill Marta Solberg.

Trass i at Fr.P, AP og SV var samd om dette i 2007, skjedde det underlege i Stortinget i går ettermiddag.

Grunnlovsframlegget vart avvist. Samrøystes.

Kva betyr dette i praksis?

Det betyr at regjeirnga ikkje treng å ha stortingsfleirtalet bak seg for å innføre alle EU-direktivene. Nasjonalforsalinga kan la Regjeringa styre etter fullmakt, som blir gitt etter skiftande fleirtal i Stortinget.

Dersom SV og SP røyster mot si eiga regjering i Stortinget, kan partiet Høgre berge Jens Stoltenberg sin EU-politikk.

Dersom vi hadde hatt positv Parlamentarisme, måtte regjeringa gått av når SV og SP ryster mot si eiga regjering i Stortinget.  Det hadde vore meir naturleg med ei ny regjeirnga av AP og Høgre.

Kven er opptatt av dette?

Styringskåte SV kan sjølvsagt ikkje tenke seg å gå ut av regjeringa, trass i at Stoltenberg trumfar gjennom EU-direktiv på rekke og rad. Stoltenberg har gjeve SV eit bein dei gnagar på kvar dag.  SV får styre opplœringa av nordmenn frå vugge til grav. Frå barnedepartementet, via Kunnskapsdepartementet til Forskiningsdepartementet.

SP er nøgd med ei hand på samferdsle, mat og landbruk.

For oss som føl avvikla av demokrati, parlamentarisme og folkestyret i Norge frå innsida, er det hektiske dagar.

Skriven av Ivar Fjeld

Link til lovforslaget og handsaminga i Stortinget:

Merkelappar:, , ,

Kategoriar: Endetid

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->