Statskyrkja: Feil gudebilete i gamle Testamentet

Kven er den ufyselege guden som drep menneske i Gamle testamentet? “Ikkje vår gud”, seier den norske kyrkja.

Den norske ekerbiskop Helga Byfuglien lœrer feil om gud, og presenterer ein falsk Jesus.

På den norske kyrkja sine heimesider, vert det gjeve svar på spørsmål som mange unge spør.

Som:  Kvifor er gud så valdeleg i gamle testamentet?

Den norske kyrkja sitt svar, er det ikkje så godt å bli klok på.

 ” Det vil alltid være vanskelig å forstå hvorfor Gud ser ut til å ha godtatt tilfeller av vold i Det gamle testamente, for Jesus har vist oss at det ikke egentlig er slik Gud er”

Kjelde: Den norske kyrkja

Min kommentar:

Kom Jesus verkeleg ned frå Himmelen, for å vise oss at dei Jødiske skriftene han las frå i synagogene var falske?

I så fall er ikkje Jesus Ordet, Gamle Testamentet, som vart menneske. Han er heller ei teologisk oppfinning frå Menighetsfakultetet i Oslo, som kom og gav oss det nye testamentet. Statskyrkja meiner at Jesus kom for å rette opp alle skrivefeil og mistydingar i det gamle testamentet.

Dette er ein sœr norsk form for erstatningsteologi.

Sanninga er at den norske kyrkja lœrer feil, og tilbyr folket ein kopi av Frelsaren.

Rett svar skal vœre:

Dersom Gud ikkje hadde drepe fiendane av sitt utvalde folk, Jødane, så hadde dette folket blitt utsletta like etter utvelginga. Då hadde Gud sin plan om å bringa ein Frelsar inn i verda blitt øydelagt. Ein Jøde ved namn Jesus vllle aldri ha vakse opp i Israel, og gjort Far i Himmelen sin vilje i Jeruslem.

Gud var ved sin full rett til å drepe alle, som prøvde å hindre at Jesus skulle bli født av ei ung Jødinne, ei jomfru.

Sidan vi fortjener at Gud drep oss alle på grunn av syndene våre, kom Jesus og tok på seg den dødstraffa vi alle fortener. Ved sin eigen død avskaffa Jesus dødstraffen. Frelseverket var fullbyrda på Golgata i Jerusalem.

Gud treng ikkje lenger drepe fiendane sine på jorda. Det er ikkje lenger nokon som kan hindre at menneske kan bli redda.

Den norske kyrkja igonerer at Gud er ei domar. Det kjem ein dom for alle som nektar å fa i mot frelse, ei fri gåve. Gud kjem til å sende milliardar av menneske til Helvete.  Skal du sleppe unna, må du gjere Jesus til Herre og frelsar i livet ditt.

Først publisert: 16.08.2011.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Den norske kyrkja

6 kommentarar den “Statskyrkja: Feil gudebilete i gamle Testamentet”

  1. august 16, 2011 kl. 5:44 pm #

    Tak for indlægget – situationen er nøjsagtig den samme i den danske folkekirke.

    • ivarfjeld
      august 17, 2011 kl. 4:13 pm #

      Hei Nyt i Natten

      Shalom, og kjœrleik i Jesus.

      Det er vikitg at vi advarer mot ei kyrkje som ikkje lœrer om synd. Dei som trur på Jesus må halde fram å lœre rett om Himmel og Helvete.

      Takk for at du velsignar meg.

  2. august 17, 2011 kl. 12:02 am #

    Tak for artíklen. Den er lagt ud her:
    http://nyt-i-natten-forum.blogspot.com/2011/08/statskyrkja-feil-gudebilete-i-gamle.html

  3. Martin Blom
    august 17, 2011 kl. 5:35 pm #

    I 2. Krønikerbok 26 står det om kong Ussia:
    Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjønte seg på Guds syner. Så lenge han søkte Herren, lot Gud det gå ham vel. (2 Krønikebok 26:5 NB)

    Men da han var blitt mektig, ble han overmodig i sitt hjerte, til sin egen undergang. Han ble ulydig mot Herren sin Gud, og gikk inn i Herrens helligdom for å brenne røkelse på røkofferalteret. (2 Krønikebok 26:5, 16 NB)
    Han vart straffa fordi han var ulydig mot Gud. Det står videre at han vart spedalsk i panna fordi Gud slo han. Han var spedalsk til sin død. Han budde i eit hus for seg sjølv som spedalsk for han var utelukket fra Herrens hus.
    Gud hater synd og han straffer synd. Men vi har fått den gode nyheten om at Jesus døde for vår synd. Kvar den som trur på han skal ikkje gå fortapt men ha evig liv.

    • ivarfjeld
      august 17, 2011 kl. 6:15 pm #

      Hei Martin.

      Eg synes at nåden kjem klart fram når eg les Bibelen. Om ikkje Jesus hadde betalt for syndene eg har gjort, så hadde eg ikkje hatt ein sjanse. Jesus er den einaste vona eg har.

      Takk for at legg att ein kommentar på bloggen. Eg vonar at den som ikkje er samd i denne artikkelen vil ta del i ein debatt om dette viktige tema.

  4. Audun Hjellvik
    oktober 14, 2011 kl. 7:27 am #

    Når kyrkja presenterer ein “gud er glad i alle gud”, som smiler uansett kva folk driv på med, vert det lite å gjera for FRELSAREN Jesus! Folk forstår ikkje at deira største problem er Gud. Forstår heller ikkje at einaste løysing er Jesus…

Legg att svar til Nyt i Natten Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->