Norge lar Behring Breivik framstå som ein moderne Hitler

17 menneske vart drepen då Hitler prøvde seg på statskupp i 1923. Som Behring Breivik lar rettssystemet Hitler framstå som ein helt. 

Behring Breivik fekk stille i blådress og slips som om han kom frå Kongen i statsråd.

Hadde Behring Brevik kome inn i retten i ei fangedrakt, og plassert i eit bur, så hadde han fått ei rimeleg behandling.

Han har alt tilstått eit blodig massedrap på 77 menneske.

Han bør dømast til den strengaste straffen i norsk lov for overlagt drap. Han bør også få ein sikringsdom som fører til ytterlegare tiår med politikontroll.

Kva er det vi får sjå på NRK?

Som Hitler lar domaren Behring Breivik lese opp sine fridomseœklœringar i retten. Som Hitler anerkjenner ikkje Behring Breivik rettstaten, men vil opprette sin eigen statsform.

Etter kuppet i Muchen i 1923, får Hitler ein mild dom. Han får einerom i fengselet, og vert handsama som ein kommandør. Han får lov til å lese aviser, ha sin eigen sekretœr og skrive kronikkar og ei bok. Main Kampf.

Hitler i fengsel i 1924. Staten lot han sone som ein helt.

Likskapen mellom handsaminga av Nazisten Hitler og nynazisten Behring Breivik er slåande.

Utøya-terroristen Behring Brevik får stille i blådress og slips i retten.

Han får velge kva TV-stasjonar som skal få lage program om han, og er i ferd med å skrive ein kronikk.

I eit Bibelsk perspektiv, er det tydeleg at den norske staten har mista alle velsigningane som føl med kristen tru.

Den sekulœre norske staten er no like ateistisk eller gudelaus som statar som har gått tilgrunne opp gjennom såga. Den onde får rå grunnen.

Det vi skal sjå i Europa er kaos, etterfulgt av eit krav om totalitœrt styre. Den siste eineherskap vil tre fram på eit valprogram om å stanse dei kaotiske tilstandane, sikre sosial rettferd og fred.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Utøya

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->