“Jødar i Samaria er eit hinder for fred”

Anne Sender og Jonas Gahr Støre deler synet om at Jødane som bur kringom Jerusalem må vekk, om det skal bli fred.

“Selv går hun til angrep på israelske bosettinger som hun mener står i veien for fred”.

Vårt Land siterer Anne Sender. Ho var tidlegare leiar for  Det Mosaiske Trossamfund (DMT) i Oslo.

Her er utdrag frå Sender sitt bodskap til lesarane:

“De siste årene har enkelte uttalelser, lovforslag og holdninger presentert av rabbinere, partiledere og regjeringsmedlemmer i Israel vært så problematiske at jeg mener vi som jødiske ledere i diasporaen må ta avstand fra dem”, sier Sender.

“Selv går hun til angrep på israelske bosettinger som hun mener står i veien for fred. Hun peker også på den økende makten til Israels statlig valgte rabbinat og nasjonalforsamlingen Knessets tendens til å vedta lover som underminerer like rettigheter for alle borgere”.

Sitat slutt.

Kjelde Vårt Land.

Min kommentar:

Det er eit Jødisk ordtak som seier at der tre Jødar er samla, vil det alltid vœre minst fire ulike meiningar.

Sionismen har mange uttrykk. Eit av dei, er den politiske sionismen. Den krev respekt for at Jødane har rett til eit heimland.

Dette kravet er basert på etniske, historiske og kulturell forklaringsmodellar.  Politikk er alltid relativisme. Politiske synspunkt er alltid i endring. Eit Israel bygd på politiske synspunkt er ein skjør statsform.

Sionisme bygd på Bibelen vil aldri vœre relativisme.

Den Bibelske sionismen hevdar at Jødane har ein rett til eit heimland, basert på lovander som finnes i Bibelen.  Dei står fast til evig tid. Retten til heimlandet handler ikkje om frelse, men om ein Gud som gjer evige løfte. Han er til å stole på.

Den Bibelsk sionismen vil alle gjenfødte Kristne kunne forstå og forsvare, om dei les Ordet og lyttar til Den Heilage Ånd. Å hevde at Jødiske busettarar er eit hinder for fred i Midt Austen, er eit politisk utsagn. Det står ingenting om dette i Bibelen.

Anne Sender er ei talskvinne for den liberale politiske sionismen. Den har mange retningar. Heilt sidan 1948 har det alltid vore mange synspunkt på korleis Jødane skal oppnå fred, og kvar grensene kring Israel skal gå.

Sender avslører at ho ikkje er i stand til å lœre av vår moderne historie. Kvar gong Jødane har trukke seg attende frå områder Bibelen seier Jødar har eigedomsrett til, har det kome Arabiske rakettar i retur.

Det beste døme er rakett-regnet frå Gaza, som pågår medan du les dette. Det er ikkje ein Jøde att i Gaza. Alle vart tvinga til å forlate Gaza i 2005, i eit forsøk på å oppnå fred.

Sender trur ikkje på det profestiske ordet som finnes i hennar Jødiske Bibel. Ho er eit prov på at sjølv ein atheist kan vœre ein betre Israel-ven enn mange Jødar.  Ein Atheist kan forstå at å tvinge Israel til å akseptere “Jøde-reine områder på fjellene kring Jerusalem”, ikkje vil føre til fred.

Tvert om: Slik ein fredsplan, er ein invitt til krig og utsletting av den Jødiske staten. Slike Jøde-reine områder er ein draum Israel sine fiendar alltid har hatt.

Skriven av Ivar Fjeld

Kategoriar: Israel

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->