Samanhengen mellom Israel, Fr.P og Islamkritikk

Kristne brukar Vårt Land sine fora til å angripe Norge i Dag.

Langt frå alle som støttar Israel deler Finn Jarle Sœle sin begeistring for Fr.P.

Redaktør Finn Jarle Sœle i Norge i Dag reagerer på at avisa Vårt Land lar ein høgskulelektor angripe Norge i Dag og Israels-vener på generell basis.

Her er kopi av noko av innhaldet i dette angrepet: .

Vi siterer fra forrige lørdags Vårt Land et innlegg av høyskolelektor i Agder Harald Olsen på verdidebatt:

 At ukeavisa Norge i dag har kastet seg over de konspiratoriske og fullstendig uvitenskapelige Eurabiafantasiene med begeistring og tilslutning, vil vel ikke overraske noen…

 Verre er det at kristne har strømmet til Fremskrittspartiet med hovedbegrunnelse i innvandringsmotstand og Israel-politikk. Det viser at det også er en sammenheng mellom islamofobi og sionisme.

 De mest fanatiske Israelvennene er også de groveste og mest unyanserte islamkritikerne. Dette er neppe noen logisk sammenheng, men mer en hensikt som helliger middelet. (Sitat slutt).

Kjelde: Norge i Dag.

Min kommentar:

Eg er samd med Finn Jarle Sœle sin støtte til Israel.  Som Israelsven fortener Sœle ros, ikkje ris.

Men er det ein samanheng mellom det å vœre Israel-ven og støtte til Fr.P?

Er alle Israelsvener som Sœle?

Det er utruleg kva ein høgskulelektor kan lekse av seg for å stemple dei som støttar Israel.

Det er det reine sludder å sette likskapsteikn mellom støtte til Israel og støtte til Finn Jarle Sœle sine kampanjar for Fr.P.

Borte er all historiekunnskap om norske Israelsvener. Den mektigste av dei alle var Haakon Lie, tidlegare Generalsekretœr i Arbeidarpartiet.

Dei mest lojale blant sionistane er ivrige sosialistar. Dei bur i Kibutz, og deler alt.  Det er ikkje mange “konservative kristne” som lever slik, om nokon i det heile.

Kva med Islam-kritikk og støtte til Israel?

Er det ein samanheng her?

Kommunistane i Kina og Sovjetunionen la ned forbod mot Islam.  Norske vener av Israel er faktisk heilt utan skuld for at kinesarane og russarane gjorde dette.

Tunisia og Tyrkia forbyr Hijab i det offentlege rom, for å stogge at fleire kvinner bøyer seg for Sharia lover.

Styresmaktene i Norge tillet slike hovudplagg på arbeidsplassane, og ser ut til å ha minimalt med motforestillingar mot Sharia lover.

Er det vener av Israel sin “Islamofobia” som får desse to muslimske nasjonane til å setje grenser for Islam, medan fornuften råder i snilistiske Norge?

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Islam, Israel, Kristne media

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->