Hareide: 60 prosent av innvandrarane i Norge er kristne

Knut Arild Hareide får terningkast 5 av Dagbladet. Det får ein Kr.F leiar som framstiller ei løgn som sanninga.

Knut Arild Hareide er ikkje interessert i at lesarar og sjåarar skal få høyre sanninga om innvandringa til Norge.

Dette er Hareide sitert på, då han fekk ordet under den første partileiardebatten i samband med valkampen i Norge:

 ” I tillegg hadde jeg også et reelt poeng. 60 prosent av innvandrerne er kristne, og jeg skulle gjerne ønske at flere av dem stemte på Krf “, sier han når Dagbladet møter ham inne på Stortinget etter debatten.

Kjelde: Dagbladet.

Min kommentar:

Det er eit kjent omgrep i Norge, at politikarar både lover og lyg.

For å finne ut kva kategori Knut Arild Hareide tilhøyrer, må vi studere bakgrunns-tala han brukar.

Kven er desse kristne innvandrarane til Norge?

La oss kikke på tala til Statistisk sentralbyrå:

12,2 prosent av folkesetnaden  i Norge, eller 600 922 personer (pr 1. januar 2011) var innvandrarar.

Det tilsvarer heile folkesetnaden i Oslo.

Dersom vi ser på talet på Muslimar i Norge i 1980 og 2009, får vi fram interessant tal.  I 1980 var det 1.006 medlemer i det Islamske trusamfunnet i Norge. I 2009 var det 92.744.

Talet på katolikkar er også i sterk vekst: Frå 13.923 i 1980, til 57.348 i 2009.

Ei heller om du bryt innvandringa ned på verdsdelar eller regionar, kjem det fram mange kristne.

34,9 prosent av innvandrararne til Norge kjem frå Asia eller Tyrkia.  I desse landene er det ikkje mange kristne, men tre milliardar Hinduar, Muslimar og menneske i Buddhistiske samfunn.

26,6 prosent av dei som flyttar inn i Norge kjem frå Aust-Europa Der er brorparten av folket sekulœre etter to generasjonar med Kommunisme,, eller av Romersk katolsk opphav.

Den største gruppa utlendingar som har flytta inn i Norge kjem frå Polen. Talet på Polakkar er 60.000.

12,2 prosent kjem frå Afrika. Der er det Islam og ulike naturreligionar som rår grunnen.

Rask hovudrekning viser at 73,7 prosent av innvandrarane kjem frå ikkje-kristne land. Dette er nasjonar der evangeliske kristne utgjer ein svœrt liten minoritet, ofte berre eit par prosent av folkesetnaden.

Norge er atraktivt for menneske som leitar etter gode sosiale støtteordiningar.

21,2 prosent av innvandrarane kjem frå Norden eller Vest-Europa, det vi kallar det reformerte kristne Europa.

Berre 1,9 prosent av dei som vel å slå seg ned i Norge, reiser inn frå Nord-Amerika eller Australia.

Problemet med desse “kristne” innvandrarane, er at heller få av dei bekjenner seg på trua om Jesus som Herre og Frelsar.

Hareide triksar med tal. Mot bedre vitande skjuler han sanninga.

Om han er naiv, uvitande eller fer med løgn får du sjølv vurdere. Men stort vœrre kan det vel neppe bli.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , ,

Kategoriar: Islam

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->