Tar du det elektroniske merke så går du fortapt

Mange kristne er no heilt medvitslause når det gjeld antikrist si kome, og at vi må bruke ein dupeditt for å unngå å bli økonomisk straffa.

VG snakkar sant om teknologien som kjem, medan kristne leiarar søv.

VG snakkar sant om teknologien som kjem, medan kristne leiarar søv. Få les Bibelen og tenkjer seg om.

VG laga for ei veka sida eit oppslag på at ” I 2017 går vi med teknologien på kroppen”.

Smartklokka er alt her. No er det berre 10 centimeter før vi har micro-chippen nede på handa, eller at vi får den på pannebrasken.

Folk flest er alle reie fanga inn i den teknologien, som ein må ha skal ein få lov å kjøpe eller selge.

- I dag får du 20 NOK i gebyr om du går inn på bussen og betaler med mynt eller setlar.

- På NSB er dette gebyret 40 NOK.

Snart vil du ikkje kunne reise kollektivt, utan å bruke “appen”.

- Du treng ei ID-brikke for å passere døra til arbeidsplassen. Tar du den ikkje, mistar du jobben.

- Manuelle ID-kort og bankkort vil bli erstatta av dupedittar som skal festast på kroppen.

Finansforbundet har føreslått at Norge skal bli det første kontantfrie samfunnet i verda. Dermed blir ein av dei siste profetiane om antikrist si kome oppfyld.

Du vill ikkje kunne kjøpe og selge utan å bruke eit elektroniske merke, som er eit langt nummer.  All aktivitet kan sporast elektronisk. Styresmakta veit alt om deg.

  Johannes’ openberring 13:16-18

Dyret tvingar alle, små og store, rike og fattige, frie og slavar, til å ha eit merke på høgre handa eller på panna. Og ingen kan kjøpa eller selja noko utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. Her gjeld det å ha visdom. Lat den som har forstand, rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet er 666.

Den åndelege katastrofen er i ferd med å bli eit faktum, nett slik som Profetiane har åtvara oss om. Mange “kristne” går fortapt, fordi dei har lagt bort Bibelen. Du må ikkje lytte til dei som manglar gåva som ligg i å openbare korrekt bruk av Ordet og tida vi lever i.

  Johannes’ openberring 14:9-10

Ein tredje engel følgde etter dei og ropa med høg røyst: «Den som tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa, skal drikka av Guds vreidevin som er skjenkt ublanda i hans harmes skål, og pinast med eld og svovel for auga på dei heilage englane og Lammet.

Mange kristne har blitt lurt til å tru at vi skal rykkjast bort før antikrist si kome. Difor vert dei sløve, og forstår ikkje at dei har blitt ført vill. Når den store forfølgjingstida tek til, er dei ikkje budde. Det blir enklare å slutte å forkynne Gud sitt Ord, enn å miste den økonmiske vinsten som verda har tilbydd.

Dem som blir ven med verda, blir Gud sine fiendar.

 Jakobs brev
Kapittel 4:4

De trulause! Veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, blir Guds fiende.

Den gode nyhenden er at Jesus Messias. har gjort den store globale forfølgjingstida kortare for dei utvalde si skuld. Den som står for sanninga, og held fram heilt til slutten, skal bli redda. Amen.

Skriven av Ivar

About these ads

Merkelappar:,

Kategoriar: Uncategorized

<\!-- /#footer-out -->