Jesus kom til Jerusalem for å feire passover

Messias feira aldri “påske”. Jesus kom til Jerusalem for å bli jødane sitt evige passover lam.  

Jesus budde seg på å bœre alle syndene i verda. Gud sitt perfekte lam. Blodet til Messias skulle rense oss frå all synd og skam.

Somme Bibel-omsetjingar bruker order “Påske” om det engelske order ‘Passover” som er ei oversetjing av det Hebraiske ordet Pesach” . Vi har ikkje eit godt ord for passover på norsk. Det mest presise er å seie: Å passere over. “berging”, eller å bli redda.

Jesus ridde ikkje inn i Jerusalem på “palmesundag“. Jesus ridde inn i Jerusalem fire dagar før passover-veka starta. I år er passover på laurdag. Så om Jesus skulle ridd inn i Jerusalem denne veka, skulle han ha ridd inn på “palme-onsdagen”.

På dette viset ville Jesus oppfylle Mose-lova. Det skulle den ekte Messias gjere, heilt til punkt og prikke. Lovene krov at Jødane skal velge ut og gjere klar passover-lammet fire dagar for det skal slaktast.

Jesus ville også ete passover-måltidet med studentane sine. Det var eit rituale, eller ein seder, der Jødane gjekk gjennom alle sidene ved utfriinga i Egypt. Frå trœldomen til utfarten over Rødehavet.

Passover-lammet skulle slaktast ved dagry. Det skulle hengast opp slik at livet skulle renne ut av dyret. Livet var i blodet. Det var ei alvorleg synd å drikke blod. Kjøtet skulle vœre blodlaust.

Det tok tid før alt blodet var ute av lammet.  Det var blodet som skulle brukast for å rense for synd, og redde Jødane frå å miste alle sine førstefødde.

Det blodlause påskelammet skulle grillast, og etast om kvelden saman med urter og vin. Dette måltidet skulle for alltid markere utfriinga frå slaveri og avgudsdyrkinga i Egypt. Blodet måtte brukast til å lage eit blodmerke over dørene og på sidekarmane i alle Jødiske heimar.

Måltidet måtte vere over før midnatt. Det var på dette tidspunktet dødsenglane flaug over Egypt. Ved dagry var det eit lik i alle Egyptiske heimar.

Den neste dagen skulle vœre ein sœrskild Sabbath. Det var den første dagen i “flattbrød-festivalen”. Jødane skulle ete brød fritt for gjœr i ei heil veke. Gjœr var symbolet på noko oppblåst og korrupt.  All slik synd skulle no ut av heim og samfunn.

Lammet som vart offra skulle vœre det førstefødde, og heilt lytefritt. Dette lammet tok Jødane sine førstefødde ungar sin plass på alteret. Lammet var ein erstatning, eit offer som vart godtatt i Himmelen.  Synd og skam for avgudsdyrkinga i Egypt vart tilgjeve, og Jødane fekk gå fri frå den straffen dei fortjente.

For å setje den norske påske-feringa inn i det rette Bibelske perspektivet:

 - Frå no av skal de ete dette måltidet til minne om meg. Passover brødet de bryt, er min kropp. Den er uten gjœr. Brødet er eit symbol på min kropp, som skal bli brudt på krossen. Vinen de drikk, skal ikkje lenger vœre eit symbol på blodet til lammet i Egypt. Når de drikk denne vinen, skal det minnast mitt blod. Det er ei ny pakt, og mitt blod skal rense dykk for all synd.

Jesus stod opp att sundag morgon, dagen etter Sabatten. Han hadde vore minst tre netter i grava, slik han hadde lova.

 Evangeliet etter Matteus
Kapittel 12:40

For slik profeten Jona var i buken på den store fisken i tre dager og tre netter, slik skal Menneskesønnen være i jordens dyp i tre dager og tre netter.

Alle som kan telje baklegs veit at korsfestinga fann stad på torsdag. “Langfredag” er eit einaste stort Romersk Katolsk falsum. Jesus var alt i grava. Ein religiøs kopi i Roma vert korsfesta på Fredag. Den falske erstatnings-teologiens “Jesus”.

Evangeliet etter Johannes
Kapittel 19:34-37

Men en av soldatene stakk ham i siden med et spyd, og straks kom det ut blod og vann. Han som så det, har vitnet om det for at også dere skal tro. Hans vitneutsagn er sant, og han vet at han taler sant. Dette skjedde for at dette ordet i Skriften skulle bli oppfylt:

Ikke et bein skal brytes på ham. Og et annet skriftord sier: De skal se på ham som de har gjennomboret.

Først når studentane møtte den oppstandne Jesus, forstod dei fullt ut kva Messias hadde sagt. Fulle av Den heilage ånd lovprisa dei Herren vår Gud av Israel. Amen.

Må alle lesarane av denne bloggen ha ei god påskehøgtid med det Jesus seier og gjer i fokus.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , ,

Kategoriar: Bibelen

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->