180 dagar sidan Vårt Land sådde tvil om Hallgrim Berg

“Hallgrim Berg angrer ingenting”.

Halgrim Berg vert mistenkjeleggjort av Vårt Land for å ha vore kritisk til Islam.

“Hallgrim Berg angrer ingenting”.

Dette er tittelen på ein artikkel i Vårt Land.

Dette er ein kommentar eg skreiv 12.august 2011:

Avisa prøver å kaste eit uheldig lys over Berg, og vil at lesarane skal tenkje at den tidlegare stortingsmannen har same ideologiske syn som Anders Behring Breivik.

Dette høver seg ikkje for ei avis som hevdar å vœre kristen.

Det verkar som motivet er at dei som åtvarar mot Islam som religion og ideologi, skal bringast til tystnad.  Det er akkurat dette som er målet med Sharia lovene i land som Iran og Saudi Arabia.

Slik sett vert “Islam-kritikkar” Anders Behring Breivik Islam sin beste ven i Norge, når han tyr til terror mot AUF. Dette grusome overgrepet slår no tilbake på alle former for lovlege ytringar om Islam.

Kva er det som får ei avis som Vårt Land til å så tvil om Høgre-mannen Hallgrim Berg?

Vårt Land mottok 37 millioner kroner i statstøtte i 2010. Avisa er det viktigste talerøret for den norske kyrkja i media.

Opplaget til Vårt land er omlag 24.000. Avisa får litt over 1500 kroner i årleg støtte frå den sekulœre Staten for kvar daglege kjøpar av avisa.

Vårt Land er ikkje åleine, om å eksistere på nåde av den norske staten. Andre kristne aviser i Norge må passe seg, så dei ikkje blir organ for statsreligionen i Norge, ein utvatna falsk versjon av det Martin Luther ein gong lœrte.

Den uavhengige kristne dagsavisa “Dagen” mottar 13 millionar i statsstøtte.

Pinsebevegelsen si vekeavis “Korsets Seier” mottok 1,8 millioner kroner i statsstøtte. Det er det ikkje mange Pinsevenner i Norge som er klar over.

Den Israel-venlege, og Islam-kritiske vekeavisa “Norge i Dag” mista statsstøtta.

Det er farleg å hamne i lomma på den sekulœre etterkristne staten. Det er ikkje lett for redaktørar å stå i mot, når det kjem politiske føringar i form av “oppmodingar” om å ta eit oppgjer med det som ikkje er politisk korrekt.

Vårt-Land sitt angrep på Hallgrim Berg er eit døme på dette. Å kritisere Islam, blir av den Arbeiderparti kontrollerte statsmakta sett på som eit angrep på det fleirkonturelle Norge.

Dette er ei kortslutning. Islam vil aldri støtte eit fleirkulturelt Norge som politisk mål. I alle land der Muslimane har kome i fleirtal, har yttringsfridom og demokrati blitt avskaffa. Islam vert innført som statsreligion, og berre Muslimar har rett til å styre.

Også den Arbeiderparti styrte statskyrkja vil ha refs av Islam-kritikkarar. Kravet kjem frå sekulœre politikarar som utnemner politisk korrekte biskopar. Det er rett og slett uhyggjeleg.

Dette er sanninga. Den dagen vi ikkje har lov å seie sanninga om Islam i Norge, så har det norske folk underkasta seg eit av Islam sine viktigste krav.

At Koranen krav drap av dei som ikkje underkastar seg “allah” og skriftstru Islamsk lœre, er ikkje noko Vårt Land har tenkt å opplyse lesarane om.

Her er eit av versa som oppfordrar til Heilag krig:
 

 Sure 5 33 lyder:

  ” Deres lønn som bekjemper Gud og Hans sendebud og farter omkring og stifter ufred på jorden, skal være at de drepes eller korsfestes, at hender og føtter avhugges kryssvis, eller at de forvises fra landet. Dette vil være en skam i denne verden. I det hinsidige venter en svær straff.”

Kjelde: AjNorway

Dersom du vil høyre meir av Hallgrim Berg sin kritikk av Islam, lytt til lydfila av ei tale han held på Pinserørsla sitt Israel-stevne i Telemark i 2010. Her er linken.

Yttringsfridomen i Norge er no truga av nordmenn som ikkje forstår sitt eige beste. Hallgrim Berg er ein varm forsvarar av menneskerettar, yttringsfridom og demokrati. Han fortener ros.

Jesus er den største Islam-kritikaren av alle.

Dersom han tok til å hevde at Muhammed er ein falsk profet, ville Frelsaren blitt drepen i land som Iran, Syria, Pakistan og Saudi Arabia.

No risikerer Jesus å bli forfulgt og fengsla også i Norge, om Han skulle ta til å seie sanninga om Islam.

Sidan Islam ikkje anerkjenner Jesus som Gud, må alle som vil følgje Jesus tale sant om denne religionen.

Jesus er vegen, sanninga og livet. Islam er ein farleg blindveg.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Forfølging, Islam

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->