Politisk kristendom blir ofte til katolsk tru

Hanne Nabintu Herland er eit friskt pust i norsk politikk som snakkar om Kristendom. Men er ho ein etterkomar av Jesus? 

Svœrt mykje av Hanne Nabintu Herland minner om ei blanding av opportunisme og katolsk tru. Her er religionsvitaren oppkledd som ei katolsk madonna.

Det er lett å la seg forføre av menneske med store talegåver, og som ofte får plass i TV-ruta.

Hanne Nabintu Herland er ein slik person. Mykje av det ho seier om norsk umoral og samfunnskrise er rett.  Religionsvitaren snakkar også om kristendom og den kristne kultur.

Men er det Bibelen sin Jesus ho forsvarer?

Oppvaksen i Afrika, og med eit mellomnamn gjeven av ein stammehøvding i Kenya, skulle ein tru at Hanne Nabintu Herland var eit misjonœrbarn. Men det er ho ikkje. Foreldrene hennes jobba for FN, for UNESCO.

Det ho skriv på bloggen sin om “Påskehøgtida” har ingenting med Jesus sin korsfestelse og oppstandelse å gjere. Det er meir ein ubibelsk frigjeringsteologi, der Jesus er mannen som er gudesendt for å ta eit oppgjer med dobeltmoralen i samfunnet. Slik ho sjølv frontar eit slikt oppgjer.

Her er det Herland skreiv om påsken på Verdi-debatt:

 Påsken er verdens største kjærlighetsfortelling
Publisert 23. april 2011

Dette var Jesus, mannen som gikk på fester med prostituerte, fattige, de lav i samfunnet, – ofte de som andre ikke ville bli sett sammen med. Og datidens religiøse foraktet ham for det. Han var ikke god nok for dem. Selv satt de øverst i templene med gullkapper og glitter, men hadde ikke hjerte for de lidende, de svake og de søkende. Hyklere, kalte Jesus dem, og de ble rasende på ham.

Syndenød og sanninga om korset ser ut til å vœre ukjent for Hanne Nabintu Herland.

Tvert om skriv ho om ein “Jesus som gjekk på fest med prostituerte”. Det står det ingenting om i Bibelen.

Jesus var tvert om Gud sitt perfekte lam, som ikkje synda. Han var likefult syndarane sin ven. Det Hanne Nabintu Herland skriv er på linje med det som mange som spottar Gud vil hevde.

Det er også underleg at Israelsvener tar denne kvinna til sitt bryst.  Fordi ho meiner at Jesus vandra kringom i “Palestina”.

Her er det Herland skreiv i ein kronikk i Adsresseavisa:

 For kampen mot dobbeltmoral og maktmisbruk var en av kristendommens grunnleggers hovedsaker den gangen han tuslet rundt i kjortel og sandaler i Palestina.

 Kjelde: Adressa.no

Dette er historieforfalskning av vœrste sort.

Fordi Bibelen sin Jesus er ein Jøde som vandra kringom i Israel.

Namnet “Palestina” er ein namn gjeve dette området av den heidenske keisaren i Roma, etter at Tempelet i Jerusalem vart øydelagt i 70 A.D.

Jesus påtala dobeltmoral og maktmisbruk. Men han dreiv ingen moralsk kamp. Det er ikkje dette evangeliet handlar om. Jesus ber oss ta eit oppgjer med våre eigne synder, og ta i mot nåde. Alle har synda. Alle er syndarar.

At Hanne Nabintu Herland vaks opp i ein Fransk kultur gjer henne til ein fargeklatt i den norske samfunnsdebatten. Slike fargeklattar treng vi fleire av i ein grå kvardag.

Men å vœre ein fargeklatt gjer ingen til ein kristen. Ei heller at Herland kler seg opp som ei katolsk madonna med stort kross rundt halsen, gjer henne til ein student av Jesus.

 Evangeliet etter Markus
Kapittel 13:22-23

For falske messiaser og falske profeter skal stå fram og gjøre tegn og under for om mulig å føre de utvalgte vill. Vær på vakt! Jeg har sagt dere alt på forhånd.

Mange snakkar om ein “Jesus” slik dei ynskjer at Han skal vœre.

La oss von at Hanne Nabintu Herland vert frelst, og legg opportunisme og nyreligiøsitet til side. La oss be om at ho tar til å fortelle andre om Jesus slik Han framstår i Bibelen.

Skriven av Ivar Fjeld.

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Endetid

2 kommentarar den “Politisk kristendom blir ofte til katolsk tru”

  1. februar 27, 2012 kl. 7:04 pm #

    Du har tilfelles med Herland at du liker å finne feil hos folk.

    • ivarfjeld
      februar 27, 2012 kl. 7:07 pm #

      Hei Rudie.

      Shalom.

      Eg skriv at Herland er eit friskt pust i den politiske debatten i Norge. Eg skriv også at ho er ein fargeklatt.

      Eg synes vi skal drøfte sak og ikkje person. Eg saknar forkynning av Jesus slik Han framstår i Bibelen. Eg ynskjer at menneske som kallar seg kristne skal stå opp og forsvare Jesus og evangeliet.

      Eg ynskjer også at folk skal seie sanninga om Israel, og ikkje kalle dette området for “Palestina”.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->