Norge blir som Hellas om oljefondet går konk

Den Europeiske statsgjelda er no 76.500 milliardar kroner. Det norske oljefondet kan raskt gå med i det svarte holet.

Løynde avtaler mellom Norge og EU kan pålegge Yngve Slyngstad i oljefondet å kjøpe meir Europeisk gjeld.

Eg har mange gonger undra meg over kva som må til for å få det norske folk til å vakne opp frå torneronesøvnen. Det systematiske vanstyret i katolske land har skapt kaos i sør-Europa. Hellas, Italia, Spania, Portugal og Irland er verstingane. No føl dei protestantiske nasjonane etter.

Den samla Europeiske statsgjelda har auka med 32.000 milliardar norske kroner på ti år. I dag skulder Europeiske statar 76.000 milliardar kroner.

Kjelde: E24.no

Det er med andre ord lite Statens pensjonsfond utland (SPU) kan gjere for å redde nasjonar som Hellas, Italia, Portugal og Spania.

Den norske state skuldar 557 millioner kroner. Verdien på SPU er 3.055 milliardar kroner.  Det gjev ein balanse på 2500 milliardar.

40 prosent av SPU er plaserte i obligasjonar. Dersom lånetagar ikkje betaler avdraga, vil desse pengane bli usikre.

Norge kan gjennom EØS-avtalen alt ha inngått løynde beredskapsavtaler med EU. Om Euroen blir truga, må Norge truleg gå inn med alle aktiva i ein redningsaksjon.

La oss tenke oss at Norge til sumaren må skrive av brorparten av oljefondet som tapt.

Det ville ganske umiddelbart føre til at 30 prosent av dei offentleg tilsette måtte seiast opp, og den norske krona nedskrivast med 50 prosent.

Vi ville i løpet av nokre månadar fått 100.000 til 150.000 nye arbeidslause.

Det ville truleg fått Ola Nordmann ut av godstolen og ut i gatene.  På like linje med Hellas.

Mange har undra seg over kva som vil skje med den modrene “Mammon-staten Norge”. Sidan vi fann olje i 1969, har norske styresmakter systematisk døypt oljeplattformer og oljefelt etter dei norøne og heidenske gudane.

Norge har œra heidenske gudar for oljerikdomen vår.

Lovar og reglar som er bygd på kristen tru er fjerna frå lovverket.

 Paulus’ første brev til Timoteus Kapittel 6:10

 For kjærligheten til penger er roten til alt ondt. Drevet av den er mange ført vill, bort fra troen, og har påført seg selv mange lidelser.

Nordmenn flest meiner dei ikkje treng Gud. Det er få som ynskjer å leve som etterkomarane til Jesus.

Litt motvind og ei kjempekrise er truleg det som skal til for å få gudsfrykt attende i folket. Det kan aldri bli feil å ynskje seg slikt.  Fordi det er truleg det som må til for å få nordmenn til å kome i syndenød og søkje frelse.

Skriven av Ivar Fjeld.

Merkelappar:, , ,

Kategoriar: Uncategorized

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->