Norge utan eigarskap og medie-politikk

“Regjeringen har ingen mening om sal av TV2 til Egmont”.

Trond Giske og Jens Stoltenbrg er snart "skipper skuteløs", utan både TV2 og norske aviser.

Styreformann i Telenor Harald Norvik stadfesta at dette var innhaldet i ei svœrt kort samtale mellom han og statsministeren.

Her er sitatet publisert i VG.

- Den 6. januar fikk jeg en telefon fra statsministeren med en setning: “Regjeringen har ingen mening om salg av TV2 til Egmont – det er styrene i LO og Telenors ansvar”, sier Norvik.

Min kommentar:

Dette er jo litt på sida. Men som journalist av yrke, kan eg ikkje unngå å ta pennen fatt.

Staten eig 54 prosent av Telenor. Telenor eig 48,2 prosent av AP-presssen, som no har seld aksjene sine i TV2 til danske Egmot.

Sidan statsministeren er den høgste utøvande statsmakt i Norge, kan ikkje Jens Stoltenberg seie at “Staten ikkje har noko meining om TV2 kjem på utanlandske hender”. 

Det er som å seie til Harald Nordvik: “Du bestemmer kva mediepolitikk Staten skal ha”.

Er det Harald Nordvik som skal sikre yttringsfridomen i Norge også?

Det er undeleg at Telenor meiner det er greit å selge TV2 til Danmark. Dette salet er gjennomført for å sikre heimsalg av 36 norske aviser frå Britisk eigarskap, får vi vite.

TV2 vert seld på kort varsel. Og det på trass av at heimkjøpet av avisene frå London, enno ikkje er godkjent av Medietilsynet.

Enno meir underleg er det at LO-eigde AP-pressen kjøper 36 aviser av britane, som for 20 år sidan utgjorde Høyrepressen i Norge.

Kva i all verda skal LO-styrte AP-pressen med Tønsberg Blad og Sunnmørsposten?

På toppen av det heile ynskjer Telenor å kvitte seg med både AP-pressen og TV2.

Alt dette vitnar om tre ting:

1.  Den norske stat vil ikkje at nordmenn skal eige våre nasjonale medier.

2. Den norske regjering har ikkje ingen mediepolitikk.

3. Den norske state har ingen kort på handa, som kan hindre at både TV2 og to tredjedelar av norske aviser hamnar på utenlandske hender.

Det kan jo kanskje vœre like greit.

Norge har jo alt oppheva sin egen grunnlov, fjerna konsesjonslovene, og godtatt alle EU-direktiva som kjem frå Brussel. Med eit untak: Postdirektivet.

Bibelen seier at det skal herske kaos like før Jesus kjem attende.  Nasjonalegrensene blir bygd ned, og alle korta blir blanda. Ingen klarer å halde oversikta.

Ein global konge skal bli løfta fram. For å få dette til, må mediene bli samkjørte.  Ei lita knippe selskap skal eige heile røkla. Frå Altaposten i nord til Bombay Times i sør.

Er du med på notane?

Forastår du at den siste anti-krist er like om hjørnet?

Skriven av Ivar Fjeld 

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Bibelen

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->