Politiske bløffmakarar styrer Norge

Trond Giske seier “arvesølvet” forsvinn ut av landet med TV2. Javist. Dei skuldige styrer på Stortinget. 

AP-topp Alf Hildrum sel Tv2 til Danmark. Trond Giske fell nokre krokodilletårer.


Når TV2 no kjem på danske hender, er et godt å vite at danskar flest er gode menneske.

Men kva om danskane sel TV2-aksjane vidare til Tyrkia eller Iran?

Ville det vore greit?

Dette er kva statsråd Trond Giske har å sei om TV2-salet:

 Næringsminister Trond Giske er blant dem som har kritisert salget. Giske mener det er svært viktig å beholde kanalen på norske hender, og frykter store endringer i programtilbudet dersom TV 2 blir solgt til den danske mediegiganten.

- Det er fare for at TV 2 blir en ren kommersiell kanal der nyhetssendingene forsvinner og det kun blir de billigste utenlandske seriene som blir kjøpt inn, sier Giske til NRK mandag morgen.

- Det er arvesølvet i norsk media som nå blir solgt ut av landet, sier Giske.

Kjelde: VG

Min kommentar:

Det er utruleg at nordmenn kjøper denne billege politiske retorikken.

Det er nesten komisk at det er AP-pressen (A-pressen) som sel aksjene til Danmark. TV2-sjef Alf Hildrum er ein partikolega av Giske. Telenor ASA eig 48,2 prosent av AP-pressen. Staten eig 54 prosent av Telenor ASA, der Trond Giske kan gjere som han vil på generalforsamlinga. Giske stemmer for alle aksjene til staten. Dine aksjer!!!

Hildrum og Giske er politiske hyklarar av vœrste sort.

Trass i at Norge ved to høve har sagt Nei til EU, har AP gjennom EØS-avtala effektivt avskaffa konsesjonslovene i Norge.

Det finnes ingen norske verdiar, som ikkje kan seljast ut av landet.

Stortinget har sytt for at det norske lovverket no er underlagt EU-lover. Og det mot det norske folket sin vilje.

Grunnloven er satt til side. Statskuppet i Norge vart gjennomført utan blod. Det vart utført, medan nordmenn satt og såg på Hotel Cæsar på TV2.

Eit apatisk og sovande folk, er ikke klar over kva som er i ferd med å skje.

I eit kristent perspektiv, må nasjonalstatane opphevast for at ein global Konge skal bli løfta fram som den store “fredsfyrste”. Denne globale leiaren er den siste anti-Krist.

Den norske eliten er som eliten i andre land. Dei arbeider saman om å få globalisert økonomien, og bygd ned nasjonalstatane.

Berre dei som kjenner Jesus veit at den siste anti-Krist kjem til å forføre brorparten av menneska på Jorda.

Det er lite von for dei som fer med løgn.

 Johannes’ åpenbaring
22:15

Men utenfor er hundene og de som driver med trolldom, og de som driver hor, morderne, avgudsdyrkerne og alle som elsker løgn og taler løgn.

Er du ein av dei?

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Uncategorized

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->