Frisk, sjuk eller berre gal og vond

Les Aftenposten. Dette er dagens førsteside. 

Det er ikkje så rart at mange synes Norge er eit merkeleg land. Dei har rett.


Anders Behring Breivik er alle nordmenns Nemesis. Vi slepp ikkje unna. Han er i alle aviser. TV-stasjonane kan kort og godt ikkje få nok av denne mannen.

Eg har tidlegare skrive at Breivik meinte at nordmenn måtte vende attende til den Romersk Katolske trua, og akseptere Paven i Roma som den ‘Heilage far”.

Det gjer sjølvsagt ikkje alle katolikkar til massmordarar. Breivik meiner også at Norge står i fare for å få Sharia lover. Det gjer ikkje alle som meiner det same til “psykopatar”.

Dersom Anders Behring Brevik vert erklœrt “sinnsjuk” så står vi over for eit justismord. Offeret er alle nordmenn. Fordi massemordaren hevdar sjølv han er frisk, og vil gjerne stå for retten.

Anders Behring Breivik er ikkje sjuk. Han er berre gal og vond.

Massemordarar høyrer heime i fengsel. Men det er slett ikkje umogeleg at eit sjukt rettsystem kan kome til å sende Breivik til sjukehuset.

Norsk lov seier at ingen friske kan haldast inne på eit sjukehus mot sin vilje. Når Brevik ein vakker dag blir friskmeld ,vil han bli sluppen fri. Domaren som får ei begjœring på bordet om nokre år, vil ikkje ha noko val.

 Johannes 3:19.

Og dette er dommen: Lyset er kommet til verden, men menneskene elsket mørket høyere enn lyset fordi deres gjerninger var onde.

Det er få plassar i verda som Norge,  der folk slett ikkje forstår kva som føregår……

Tenk om Anders Behring Breivik vert frelst i fengelet. Då hadde sjølv aktive kristne fått noko å tygge på.

Ville vi vore i stand til å tilgje denne mannen?

Må Jesus frelse alle medlemer i AUF. Må Han også sjå i nåde til Anders Behring Breivik. Amen.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , , ,

Kategoriar: Utøya

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->