Bruk alle krefter på menneskefiske

Jesus Messias har kalla oss till å følgje Han. Det er ikkje snakk om tvang, men om å leve. Om å oppleve kven Gud er, og vœre med Han for evig og alltid.

Vi er skapt for å œre Jesus. Vi er på Jorda for å gjere Far, Gud i Himmelen sin vilje.

Jesus ynskjer at vi skal arbeide i små grupper. Desse gruppene skal fiske etter menneske, saman med Han.

Er du ein menneskefiskar?

Der 2 eller 3 er samla i Jesus sitt namn, der er Jesus midt i blant oss. Slike små grupper har samfunn med Gud Frelsaren.

Bloggen “Lys og Salt i endetida” vil i 2012 ta opp ulike tema knytt til menneskefiske.

Hyrdar, evangelistar, forsamlingar og bibelgrupper må dele gode idear. Vi må bli flinkare til å leggje ut nøtene, og dra lasset saman. Vi må bli meir synlege i det offentlege rom, der fiskane ferdast.

Skal vi lukkast med “fisket” er det avgjerande at vi rustar opp “fiskebåtane” våre. Vi kan alle støtte dei som skal UT og fiske. Alle skal vi vœre med og vidareforedle dei fiskane vi alt har fått.

Du er ein slik fisk.

Vi har alle noko å lœre av røynde menneskefiskarar.  Denne bloggen skal bli ein ny fiskarfagskule. Ei tankesmie som du kan vœre med og utvikle. Har du gode idear, send ein epost til Ivarfjeld@yahoo.com.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Bibelen

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->