Skilte kristne kjenner seg ikkje heime i kyrkja

Jesus godtar skilsmål, om det handlar om utruskap. Spørsmålet er om dei som er råka av utruskap må halde fram med å leve åleine.

Ikkje alle ekteskap endar slik Jesus ynskjer. Er det lov å be om nåde, ny ektemake og ny velsigning?

Ei kvinne skriv i Vårt Land:
 

“Jeg leste i vårens nummer av bladet STREK om at hovedgruppen av dem som forlater kirken stille og usynlig, er skilte menn i 40 årene. Det er dårlig nytt for meg, men også for kirken som helhet. Kan det være at kirken med sitt familiearbeid bare har plass til de som får det til, som kan vise fram ektefelle og barn? Hva med oss som er ufrivillig barnløse annenhver helg?”

 Kjelde:

Spørsamålet om gjengift er eit kontroversielt tema i mange kyrkjesamfunn.

Alle er samde om at ei enke har rett til å gifte seg på nytt. Mannen er ikkje lenger i stand til å førsørge henne.

Men kvifor skal ei kvinne som har blitt forrådt, måtte avstå frå å finne seg ein varm og god ektemann?

Skal ei forlat kvinne som drøymer om å ha både samliv og sex og med ein mann, måtte lever med synd, skam og syndige tankar resten av livet?

Paulus var ein vis mann. Han seier at dersom ein ikkje-truande kastar ut ein truande, så er den truande fri til å handle. Han eller ho er ikkje bunden.

Fri til å “handle” ?

Fri til å brenne etter samliv med det motsatte kjønn, og måtte skjule dette?

Kan ei menneske få nåde til å be Jesus velsigne eit nytt ekteskap?

 Paulus’ første brev til korinterne7: 15-16.

Men hvis den ikke-troende vil skilles, så la ham gjøre det. I slike tilfeller er ikke en kristen bror eller søster bundet. Gud har kalt dere til fred. For vet vel du, kvinne, om du kan redde din mann? Og vet vel du, mann, om du kan redde din kone? 

Jesus hatar skilsmål. Vi må gjere alt for å unngå samlivsbrot. For alle vaksene som ikkje ynskjer å leve åleine, er ekteskapet den beste samlivsform. Det gjeld gjeld både for enker, enkemenn og dei som mot sin vilje vart kasta ut av ekteskapet.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , ,

Kategoriar: Bibelen, Forfølging

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->